"Elementer"

Tilbake til verklisten

Tilbake til forsiden

Angen av deg

 

Spill av

Ho ber med seg

eimen av blome.

Det blømande liv

Angen av deg

 

Med varme stig vatn

Til tårefyld sky

Som vinden bær med seg

Til åker på ny

 

 

Lufta ho kjennest

Er aldri å sjå

Men er alltid nær

Der ? du - mi kjære er

 

So er dei kan hende

Alle av same slag

Eld, vatn, luft og jord

Der livet ser den nye dag

 

 

Du ser ikkje vind

Men båra som bryt

I susen der oppe

Voggar ei lind

 

Slik verkar dei saman

I liv, men og i daud

Bryt ned det vonde

Heilar vår naud

 

 

Du ser ikkje lyden

Som lufta bær med seg

Men songen han lyfter

Du varleg tek med deg

 

Slik kjærleiken er

I alt det vi kjenner

Du sansar han der

I dei strykande hender

 

Last ned som mp3

 

Tekst: Terje Marøy

Lesning: Lise Granden Berg

Komposisjon, cello og effekter: Jan Ragnar Storheim