"Elementer"

Tilbake til verklisten

Tilbake til forsiden

Av jord ...

Spill av

Av jord er du komen

Or jord livnar alt

Den var, er og kjem

Ein ring utan byrjing

Ein ring utan ende

I den mjuke jord

ein skog slær rot

Ei kjempe flott

blir hus, ei anna slott

Den siste smuldrar bort

 

Svart ligg ho der

Somme stader raud

Ikkje vakker, heller stygg

Men utan den

ligg verda daud.

Alle vaks dei fram

Alle fall dei ned

 I jordas mørke djup

Vil vi alle finne fred

 

I den svarte mold

ei spire grøn kjem fram

Eit lite frø veks til

eit aks med tjuge fold

Mot svolt, naud og skam

blir brød eit varleg skjold

Sol, vatn, jord

Eit lite frø,

og det nye livet gror

Det som døydde

vart det nye livets mor

 

Jorda si mogne grøde

blir borna si rike føde

Av jord får dei sitt

Både store og små

Og dyr som spring fritt

 

So har kan hende

alt ei meining

som kan sorg

til lukke vende

Som ei hand med ring

Når den kjærleg

stryk deg over kinn

 

Last ned som mp3

Tekst: Terje Marøy

Lesning: Lise Granden Berg

Komposisjon, cello og effekter: Jan Ragnar Storheim