"Elementer"

Tilbake til verklisten

Tilbake til forsiden

     Ein stråle av eld...

Spill av

Eld - i ein stråle

når natt kverv mot dag

- fargar himmel og speglast i hav

- på Verdens ende.

Vi ser han der- du og eg - i lag.

 

Eld - i svarte sky

i stormen vill

- han gneistrar ilt.

Dvel eit bel - og han stryk

ditt kinn så mildt.

Eld - er dei båe

- det vonde og det gode.

Han leikar - og han sler

Enkvan græt - ein annan ler

 

Eld - øyder gard

- og gjødslar eng.

Han gjev oss daud’

- og lindrar naud.

Stundom han gneistrar til

Veit du - kva han vil?

Han knekkjer ein vilje

- men føder ei lilje.

 

Eld gir liv - eld er rein.

Han spirer i grøde

for møy og for svein

- og barnemunns føde

I djupet - i hjartet

er elden så mild.

Frå logen den bjarte

- ein kjærleik blir til.

Last ned som mp3

 

Tekst: Terje Marøy

Lesning: Lise Granden Berg

Komposisjon, cello og effekter: Jan Ragnar Storheim