"Elementer"

Tilbake til verklisten

Tilbake til forsiden

Ein dråpe

Spill av

 

Ein dråpe

På ein fivreld sitt vengjeslag

Ein gneist frå stigand’ sol

Dråpen kverv med dag.

 

Ein dråpe

Til land og ein til hav

Ein dråpe til liv

Ein annan til kav

 

Ein dråpe

I havbåra tung

Gneistrar i tang og tare

I båreslag den druknar ung

Ei tåre

Til glede og ei til sorg

Den dråpen deg fylgjer

I hytte og borg

 

Ein dråpe

I skya svart og mørk

Ein dråpe i åker grøn

Vekkjer liv og stoggar tørk

Ein dråpe

I auget er livet sin ham

Der inne i djupet

Ein kjærleik stig fram

Last ned som mp3

 

 

Tekst: Terje Marøy

Lesning: Lise Granden Berg

Komposisjon, cello og effekter: Jan Ragnar Storheim